Mange ting skal koma på plass for at du skal få mest mulig utbytte av tida di som elev på skulen. Føremålet med å gå på skule er å læra, og her på skulen vil leggja til rette for at du skal ha så god læring som råd. Men, det er viktig at du også vil læra, det forventar vi at du vil, sidan du har søkt om å vera elev her.
Skulen vår er stor, 720 elevar og over 120 tilsette. Det stiller krav til oss alle om å ta omsyn til kvarandre, vi forventar at alle i skulesamfunnet møter kvarandre med høfleg omgangstone og viser god folkeskikk. Det inneber mellom anna at du som elev skal vera med og halda det ryddig og fint rundt deg. Vi forventar også at du gjer det arbeidet som vert kravd, og at du rettar deg etter det reglementet som gjeld ved skulen.
For å hjelpa deg til å bli kjent med personalet og med reglar og rutinar ved skulen, har vi laga ei elevhandbok (sjå meny). Det du finn her, vil vera nyttige og nødvendige opplysningar og praktiske råd både ved skulestart og seinare i skuleåret.
Alt du treng å vita har ikkje fått plass i elevhandboka. Det er derfor vel så viktig at du sjølv tar initiativ for å finna fram. Ei svært viktig kjelde til oppdatert informasjon og nyheiter finn du her på skulen si heimeside www.dalane.vgs.no.
Du gjer også lurt i å følgja med på oppslag og beskjedar etter kvart som dei kjem på oppslagstavlene. Har du spesielle spørsmål, som kanskje gjeld berre for deg, må du prøva å finna fram til den som best kan gi deg hjelp. Som du ser, er vi mange. Men altså: Du må sjølv våga å spørja.
Først og fremst bør du bruka kontaktlæraren din. Det er ho/han som har hovudansvaret for elevgruppa (klassen) og alle elevane der. Faglærarane i dei enkelte faga kan hjelpa deg med faglege spørsmål. Når klassen/elevgruppa har valt tillitselev, bør også ho/han kunna ta spørsmål eller synspunkt vidare til den/ dei det gjeld. Elles kan du få hjelp hos avdelingsleiar, rådgjevar, kontorpersonale, helsesøster, vaktmeister og reinhaldarar, bibliotekar, elevrådsstyre, PP-tenesta, rektor .....
Godt mot og lykke til med skulearbeidet!
Aslaug M. Undheim
rektor